Noréaz
Noréaz er ein kommune i distriktet Sarine i kantonen Fribourg i Sveits. Kommunen har 566 innbyggjarar (2010) og eit areal på 6,87 km². Kommunesenteret ligg 638 meter over havet.
Noréaz | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Fribourg | ||
Distrikt | Sarine | ||
Språk | fransk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
6,87 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
566 82,4 /km² | ||
Koordinatar | 46°48′0″N 7°2′0″E / 46.80000°N 7.03333°E | ||
Høgd over havet | 638 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1757 |
Den førhistoriske staden En Praz des Gueux som består av pålebygningar er ein del av verdsarvstaden førhistoriske pålebygningar kring Alpane.[1] En Praz des Gueux er den einaste førhistoriske busetnaden ved breidda av ein liten innsjø i kantonen Fribourg. Staden er datert til 4000-3500 fvt. og vart oppdaga på slump i 1971 i eit myrområde ved breidda av dagens Lac de Seedorf.
Kommunen består av landsbyen Noréaz og grenda Seedorf. Lac de Seedorf ligg i kommunen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Noréaz» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2012.