Nordfelttoget i Kina

Nordfelttoget eller Nordekspedisjonen var eit militært felttog i Kina som varte frå 1926 til 1928, og som vart leia av nasjonalistpartiet Guomindang og den nasjonalrevolusjonære hæren. Målet var å spreia den kinesiske revolusjonen og samla den tidlegare keidarriket som hadde vort delt opp mellom ulike krigsherrar etter at president Yuan Shikai døydde i 1916.

Den nasjonale revolusjonshæren marsjerer inn i dei britiskkontrollerte bydelane i Hankou.

Felttoget vart sett i sving i juli 1926 og vart avslutta med at den najonalrevolusjonære hæren erobra Peking den 8. juni 1928. Seinare same året danna Chiang Kai-shek ei ny nasjonal regjering i Nanjing. Nordfelttoget førte til eit definitivt brot mellom Guomindang og Kinas kommunistiske parti og markerer innleinga på det fyrste stadiet av den kinesiske borgarkrigen, som varte fram til 1936.

Kjelder endre