NordForsk er ein organisasjon under Nordisk Ministerråd som finansierer og legg til rette for nordisk samarbeid innan forsking og forskingsinfrastruktur.

NordForsk vart etablert i 2005 av Nordisk ministerråd for å styrkja nordisk forsking. Dei nasjonale forskingsråda, universiteta og andre organ som finansierer forsking er sentrale interessentar for NordForsk.

Gjennom å finansiera og administrera forskingsprogram fører NordForsk nasjonale miljø saman og bidreg til høgare kvalitet innafor forskinga.

NordForsk har som mål å auka kvaliteten, påverknadskrafta og effektiviteten til nordisk forskingssamarbeid og dermed bidra til at Norden skal vera verdensledende innan forsking og innovasjon.

NordForsk sitt sekretariat ligg i Stensberggata 25 i Oslo.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre