66°20′18″N 13°25′26″E / 66.33833°N 13.42389°E / 66.33833; 13.42389

Nordsjona sett frå sør

Nordsjona er ein fjordarm av Sjona i Rana kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2 km nordaustover til grenda Nordsjona i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Ærsteinen i vest og Sjonhagen i aust. Frå botn av fjorden går neset Nordfjordholmen ut i fjorden. På austsida av dette neset vert fjorden kalla Nordfjorden. Lenger aust ligg Pollen, den inste delen av fjorden.

Fylkesveg 17 går langs dei indre og nordlege delane av fjorden.