Nordskot
67°49′51.668″N 14°47′49.960″E / 67.83101889°N 14.79721111°E
Nordskot er ei grend i Steigen kommune i Nordland, som ligg ut mot Vestfjorden. Staden har anløp for skip, og det er drive jordbruk og fiske her. Like utanfor Nordskot ligg den gamle handelsstaden Grøtøy.
Bygda har ca. 80-100 innbyggjarar, som i sommarhalvåret aukar til rundt 150. Nordskot er endepunkt for fylkesveg 635 frå Saursfjord.
Sisteleddet i namnet kjem av norrønt skjóta, 'skyte', og siktar til den nordvestre utløparen av Skotstindan som skyt fram.
Kjelder
endre«Nordskot» i Store norske leksikon, snl.no.