Opna hovudmenyen

Storsildlaget vart skipa i 1927 for å organisere omsetjinga av storsild.

Etter første verdskrig lag svært mykje norsk sild på lager, både i England og i Noreg. Ho vart freista seld, sjølv om ho var av svært dårleg kvalitet. Norsk sild fekk dårleg rykte. Sildeeksporttørane pressa prisane ned for å få selje. Dette førte til at sild som vart fiska ut gjennom 1920-talet vart dårleg betalt.

For å få opp prisane, både til fiskar og eksportør, såg mange at omsettinga måtte organiserast. Mange skreiv i avisene. Leiar for Statens Kjøleanlegg i Ålesund, Gustav Puntervold, la fram eit utkast til ein organisasjon. Etter at ein komite hadde gjort dei praktiske førebuingane, vart Storsildlaget skipa i Ålesund 9. desember 1927. Målet var at fiskarane skulle få kontroll over førstehandsomsetnaden av silda.

Den 12. januar 1928 kom dei første storsildfangstane for året, til Ålesund. Noteringsutvalet i Storsildlaget hadde fastsett minstepris som fiskarane skulle krevje. Oppkjøparane ville ikkje gi den prisen. Då gav leiarane i Storsildlaget ordre om at silda skulle seljast til oppmaling, sjølv om det ville gi mykje ringare betaling. Då oppkjøparane såg dette, gav dei etter, og betalte det som vart forlangt. Etter dette var det ikkje lenger kjøpars pris.

Storsildlaget organisert sildeomsetjinga nord om Stad. Lenger sør på Vestlandet vart Stor- og Vårsildlaget oppretta, 10. desember 1928. Det var viktig for desse laga å få omsetjinga lovregulert. 27. desember 1929 la regjeringa Mowinckel fram ein kongeleg resolusjon som forbaud eksport av sild gjennom organisasjonar som ikkje var godkjende av Handelsdepartementet. I 1930 kom lova som regulerte utførsel av fersk stor-og vårsild.

I 1936 vart Storsildlaget og Stor- og Vårsildlaget samanslegne til Noregs Sildesalslag. Første formann i Noregs Sildesalslag vart Mons A. Kårbø, tidlegare leiar av Norges Fiskarlag. I 1966 gjekk Islandsfiskernes forening inn i Noregs Sildesalslag. Frå 1989 vart Norges Makrellag og Feitsildfiskernes Salslag innlemma. Namnet vart no endra til Norges Sildesalgslag.

KjelderEndra

  • Pål Christensen og Abraham Hallenstvedt: I kamp om havets verdier. Norges Fiskarlags historie. Norges Fiskarlag 2005

BakgrunnsstoffEndra