Noregsmeisterskap

Noregsmeisterskap (NM) er ulike former for arrangement som kårar den beste prestasjonen i Noreg. Vinnaren blir tildelt tittelen «noregsmeister», eller «norsk meister». Eit slikt arrangent kan også bli kalla «nasjonalt meisterskap». Meisterskapa er for deltakarar frå heile Noreg, som då konkurrerer i ei bestemt aktivitet, øving eller sport. Det kan vere individuelle meisterskap, men også meisterskap for lag, klubbar, bedrifter eller organisasjonar. Eit noregsmeisterskap kan også vere ope, det vil seie at også utlendingar kan delta.

  • Ein del av dei største og mest kjende noregsmeisterskapa er i ulike idrettar og sportar som forbunda i Norges idrettsforbund arrangerer.
  • Det blir arrangert mange slags noregsmeisterskap i eit utal ulike aktivitetar.
  • Noregsmeisterskap kan arrangerast som eit større arrangement over ei helg eller ei veke. Dette er vanleg i individuelle konkurransar.
  • Noregsmeisterskap kan arrangerast som ein cup gjennom ein heil sesong. Denne endar med ei finale ved sesongslutt. Dette er vanlegast i lagkonkurransar.
  • Nokre noregsmeisterskap krev kvalifisering for deltaking, antan gjennom eigne kvalifiserande arrangement, eller ved resultatbaserte kvalifiseringskrav.
  • I ein del av dei største og mest prestisjefylte noregsmeisterskapa vil vinnarane også konkurrere om ein kongepokal.

Ulike noregsmeisterskap

endre

Kjelder

endre