Norges Turmarsjforbund

Norges Turmarsjforbund (NTF) (tidlegare Norges Folkesportforbund) er eit forbund som har som formål å fremme folkesport i Noreg.

Med folkesport meiner ein sportsarrangement som er opne for alle, av typen turmarsj, vandring, sykkeltur, skiløp og svømming. Arrangementa skal vere utan konkurransemoment, tidtaking og vinnarar. I løpet av året blir det arrangert nesten 3000 ulike arrangement av desse typane.

Forbundet vart skipa 25. januar 1975 under namnet Norges Turmarsjforbund for så å skifte namn til Norges Folkesportforbund. I 2009 tok ein attende det opphavlege namnet.

NTF er medlem av den overordna, internasjonale organisasjonen Internationaler Volkssportverband (IVV). IVV koordinerer samarbeidet mellom dei ulike nasjonale folkesportsforbunda.

Bakgrunnsstoff

endre