Norgeskatalogen

katalog over norske frimerker

Norgeskatalogen er ein katalog over norske frimerke, utgjeven kvart år av Oslo Filatelistklubb. 2007-utgåva var den 59. i rekka.

NK 1

Katalogen inneheld ei oversikt over alle norske frimerke frå «4 skilling våpen» fra 1855 og fram til vår tid, inklusiv dei aller fleste kjende variantar. Likeså er det oversikt over frimerkehefte, tenestemerke, portomerke og ein del andre objekt av interesse for filatelistar. Katalogen har prisvurdering på alle kjende variantar i ulike kvalitetar.

Nummereringssystematikken vert forkorta NK og vert bruka som standard for norske frimerke. Alle merke har eit nummer i NK-serien, slik at det første norske frimerket har NK 1, medan t.d. jubileumsfrimerka til Ivar Aasen sin 150-årsdag i 1963 hadde nummer NK 538 og NK 539. Til NK-nummeret kan ein føye til bokstavar, tal og kodar i et sinnrikt system for å markere ulike variantar og feiltrykk.

I tillegg til sjølve katalogdelen inneheld Norgeskatalogen ulike oversikter over vassmerke, poststempel m.v. Kvar utgåve har gjerne eit par spesialartiklar om filatelistiske emne.

Norgeskatalogen er eit registrert varemerke (TM).

Bakgrunnsstoff endre