Norsk Redaktørforening

Norsk Redaktørforening (NR) er ein interesseorganisasjon for redaktørar og mellomleiarar i norske medieføretak. Foreininga vart stifta som avisredaktørforeining i 1950.

Norsk Redaktørforening
TypeStiftelse
Org.nummer971 278 323
Skipa1950
HovudkontorOslo
LeiarEirik Hoff Lysholm
Nettstadhttps://www.nored.no/ Sjå dette på Wikidata

Foreininga er upolitisk og har mellom anna til oppgåve å arbeide for god presseskikk og elles ta vare på prinsipielle og redaksjonelle interesser. Norsk Redaktørforening har som oppgåve å verne om ytringsfridommen og redaktørinstituttet som foreininga reknar som eit grunnelement i ei fri og uavhengig presse. Foreininga har om lag 740 medlemmer (2019).

Norsk Redaktørforening er leidd av eit styre på ni redaktørar. Leiar frå 2009 er Harald Stanghelle (Aftenposten) og nestleiar er frå mai 2015 Hanna Relling Berg (Sunnmørsposten). Sekretariatet ligg i Oslo. Organisasjonen er medlem av Norsk Presseforbund.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre