Norsk Slektshistorisk Forening

Norsk Slektshistorisk Foreining (NSF) vart stifta 22. oktober 1926. Tidlegare hadde norske slektsforskarar og genealogar hatt felles organisasjon med dei danske gjennom Dansk-norsk Samfund for Genealogi og Personalhistorie (stifta 1879).

Norsk Slektshistorisk Forening
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971277750
Skipa1926

Foreininga skulle ha som hovudmål å gje ut publikasjonar til å fremje kunnskapen om slekter og slektsforsking i Noreg. Foreininga gjev ut fagtidsskriftet Norsk Slektshistorisk Tidsskrift og medlemsbladet Genealogen, begge med to nummer i året.

I 1906 kom det første tidsskriftet for norsk slektsforsking. Norsk tidsskrift for genealogi, personalhistorie, biografi og litteraturhistorie kom ut med til saman 16 hefte (fordelt på 3 band) fram til 1926. Tidsskriftet var redigert av Erik Andreas Thomle, Stian Herlofsen Finne-Grønn og Christoffer Morgenstierne Munthe. I 1927 vart denne publikasjonen erstatta av Norsk slektshistorisk tidsskrift som tidsskrift for slekts- og personalhistorie i Noreg.

Norsk Slektshistorisk Foreining har i dag rundt 2.100 medlemmar i inn- og utland og driv eit fagbibliotek i Oslo. Rune Nedrud er formann (2015).

Bakgrunnsstoff endre