Norsk språknemnd
Norsk språknemnd vart oppretta 14. desember 1951, og trådde i arbeid frå 1. januar 1952. Nemnda hadde til oppgåve på vitskapleg grunnlag å gje styresmaktene og ålmenta råd og rettleiing i språkspørsmål og i dette arbeidet «fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn». Nemnda skulle gje rettleiing i rettskrivingsspørsmål, fremje einskap i terminologi, føre tilsyn med språket i lærebøker og syte for utgreiingar, språkkurs og anna opplysningarbeid til styresmaktene, offentlege institusjonar, pressa og ålmenta.
Norsk språknemnd hadde 30 medlemmer, 15 for kvar målform. Nemnda utarbeidde læreboknormalen av 1959. Ho vart avløyst av Norsk språkråd frå 1972.