Notsj
Ночь

Studioalbum av Kino
Utgjeve 1986
Sjanger Russisk rock
Lengd 43:11
Selskap Moroz
Produsent Andrej Tropillo
Kino-kronologi
Eto Ne Ljubov
(1984)
Notsj
Ночь
Gruppa Krovi
(1988)


Notsj er eit album av det russiske rockebandet Kino frå 1986. Etter at rock meir eller mindre var forbode i Sovjetunionen, endra det heile seg då Gorbatsjov kom til makta og introduserte Glasnost og Perestrojka. Det vart ikkje lenger lagt band på rockegrupper, og dei fekk lov til verte skrivne om i media og vist på fjernsyn. Dette nytte Kino godt av, og Notsj vart det første albumet som nådde ut til dei store massane, særleg etter at Viktor Tsoj, frontmann i Kino, framførte songen «Khotsju Peremen» (Eg vil ha endringar) på fjernsyn i 1986. Denne songen er derimot ikkje med på dette albumet, men kom med på filmmusikken til filmen ASSA i 1987.

Etter det meir popprega Eto Ne Ljubov frå året før tok Kino her eit steg tilbake til meir postpunk-prega musikk, og er innom stilartane til både The Cure (t.d. «Filmy») og Talking Heads (t.d. «Tanets» og «Zvezdy Ostanutsia Zdes»)

Seks av songane på albumet kom med på samlealbumet Red Wave: 4 Underground Bands from the USSR i USA i 1986.

InnhaldEndra

  1. «Видели Ночь» (Videli Notsj — Me har sett natta)
  2. «Фильмы» (Filmy — Filmar)
  3. «Твой Номер» (Tvoj Nomer — Telefonen din)
  4. «Танец» (Tanets — Dans)
  5. «Ночь» (Notsj — Natt)
  6. «Последний Герой» (Poslednij Geroj — Den siste helten)
  7. «Жизнь в Стеклах» (Zjizn v Steklakh — Livet i eit vindauge)
  8. «Мама Анархия» (Mama Anarkhija — Mor Anarki)
  9. «Звезды Останутся Здесь» (Zvezdy Ostanutsia Zdes — Stjernene vert verande her)
  10. «Игра» (Igra — Eit spel)
  11. «Мы Хотим Танцевать» (My Khotim Tantsevat — Me vil danse)

MedverkandeEndra

  • Viktor Tsoj - Vokal og gitar.
  • Jurij Kasparjan - Sologitar og korist
  • Aleksandr Titov - Bassgitar
  • Georgij Gurjanov - Trommer og korist
  • Igor Butman - Saksofon
  • «The Young Brothers» - Korist
  • Andrej Tropillo - Fløyte og korist