Novotsjerkassk
Novotsjerkassk (russisk Новочерка́сск) er ein by i Rostov oblast i Russland. Han ligg rundt 65 km nordaust for Rostov-na-Donu. Han har like under 180 000 innbyggarar.
Novotsjerkassk Новочеркасск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Rostov oblast | ||||
Grunnlagd | 1805 | ||||
Borgarmeister | Anatoli Volkov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
117 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
178 000 1 521,4 /km² | ||||
Koordinatar | 47°26′0″N 40°05′0″E / 47.43333°N 40.08333°E | ||||
Høgd over havet | 80 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 346400–346429 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)86352 | ||||
Nettstad: www.novochgrad.ru/ |
Historie
endreNovotsjerkassk var tidlegare hovudstad for donkosakkane sitt område. Byen vart grunnlagt i 1805 av Matvej Platov, som administrativt senter for Don Vojsko oblast, då innbyggjarane i Tsjerkassk stanitsa vart nøydde til å forlate heimane sine ved breidda av Don på grunn av de hyppige oversvømmingar.
Under den russiske borgarkrigen var Novotsjerkassk sentrum for Don-armeen sin motrevolusjon og var under kommando av Aleksej Kaledin. Den raude armeen klarte 7. januar 1920 omsider å fjerne dei kvite frå byen.
Under andre verdskrig var Novotsjerkassk okkupert av den tyske armeen mellom 24. juli 1942 og 13. februar 1943.
I 1962 vart lokale matopprør brutalt slått ned av den sovjetiske hæren i det som er vorte kjend som Novotsjerkassk-opprøret.
Økonomi og næringsliv
endreNovotsjerkassk har ein stor industrisektor, med mellom anna den største lokomotivfabrikk i Russland, med 9900 tilsette, som produserer lokomotiv til jernbanane både i Russland og andre tidlegare sovjetrepublikkar.
Attraksjonar
endreNovotsjerkassk har ein katedral (1904), palasset til atamanen til kosakkane, og monument over Matvej Platov og Jermak Timofejevitsj.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Novotsjerkassk» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2008.