Nufsfjorden
Nufsfjorden er ein fjord i Namsos kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørover til Nufsfjord i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Eistneset i vest og Jagarneset i aust og ligg på austsida av neset Ølhammaren. Nord for Ølhammaren ligg Gyltfjorden. Ved grenda Nufsfjord snur fjorden 180 grader og dannar bukta Busalten.
Riksveg 777 går langs vestsida av fjorden. 64°37′25.957″N 11°22′49.667″E / 64.62387694°N 11.38046306°E