Nyiragongo

vulkan i Den demokratiske republikken Kongo

Nyiragongo er ein vulkan heilt aust i Den demokratiske republikken Kongo. Han ligg i Virunga nasjonalpark, nær grensa til Rwanda. Nyiragongo når 3469 meter over havet og er ein av dei mest aktive vulkanane i Afrika.

Toppen av Nyiragongo
Lavasjøen i Nyiragongo

Under eit utbrot i januar 2002 vart det danna tre lavastraumar frå vulkanen. Ein av dei nådde byen Goma, som ligg kring 10 kilometer sør for vulkanen. Dei 350 000 innbyggjarane i Goma laut dra frå byen, og kring 40 prosent av Goma vart øydelagd. I tillegg vart 14 landsbyar i området råka. I dag er vulkanen eit populært turistmål.

Kjelder endre

«Nyiragongo» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. juni 2019.

  Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.