Nyskolen
Nyskolen starta opp i Oslo 23. august 2004. Friskulen byggjer pedagogikken sin på eit trygt fellesskap, individuell utvekling og elevdemokrati. Skulen held til i Akersveien på St. Hanshaugen. Han har barne- og ungdomssteg, fordelt på om lag 60 elevar. Elevane går ikkje i aldersdelte klassar, men i grupper på tvers av alder. Dette er den einaste skulen av sitt slag i Noreg. Skulen er grunnlagt av Mosse Jørgensen.