Oak Apple Day
Oak Apple Day, også kjend som Shick-Shack Day og Arbour Day, er ein tradisjonell engelsk høgtidsdag. Dagen blei feira til minne om gjeninnføringa av monarkiet i Storbritannia i mai 1660. 29. mai blei innført som offentleg høgtidsdag av det engelske parlamentet i 1660, og avskaffa i 1859. Feiringa fortsette likevel blant folk, og dagen blir framleis markert nokre få stader i England, i visse landsbyar og ved nokre college i Oxbridge.
Ein feira gjerne dagen ved å pynta seg med galleple (eng. oak apples) eller eikeblad til minne om Slaget ved Worcester i 1651, der den framtidige Charles II av England gøymde seg for parlamenthæren i eit eiketre.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oak Apple Day» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- House of Commons Journal Volume 8, 30 May 1660, Anniversary of the Restoration
- Samuel Pepys si dagbok 1. juni 1660 omtaler utnemningar høgtidsdagen.