Odd Arthur Lien (16. august 191524. november 2002) var ein norsk redaktør og politikar, fødd i Oslo. Han representerte Vest-Agder og ArbeidarpartietStortinget i tida 1973-81.

Odd Lien
Fødd 16. august 1915
Død

24. november 2002

Yrke politikar, redaktør

Lien var son til ein skogsarbeidar/underoffiser. Frå han var 15 til 25 år gammal arbeidde han i ein skofabrikk i Halden. Samstundes gjekk han teknisk kveldsskule i fleire år og 1936-38 gjekk han handelsskule.

Frå sommaren 1940 var Lien aktiv i motstandsarbeidet som flyktninglos og kurér. Seint same året vart han arrestert og sat fengsla resten av krigen. Etter frigjeringa var Lien journalist i Halden Arbeiderblad til 1947, der etter redaktør i Rana Blad frå 1947 til -49. Sidan arbeidde han som journalist i avisa Sørlandet, frå 1956 til 1977 var han redaktør i avisa.

Lien var medlem av formannskapet i Halden 1945-47 og i Kristiansand 1952-64. Ved stortingsvalet 1973 vart han vald inn på Stortinget frå Vest-Agder, attvald fire år seinare. Leiinga i Arbeidarpartiet gav han plass i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, der han vart verande alle åtte stortingsåra. Odd Lien var formann i Venner av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA).

KjelderEndra