Oddasteinen var ein runestein frå Odda kyrkje i Ullensvang.

I 1649 skildra prost Gert H. Miltzow denne steinen, som hadde lege på kyrkjegarden og som han hadde fått flytta inn i kyrkja. Ved skildringa la Miltzow ei teikning av innskrifta. I 1830 kunne likevel Jens Edvard Kraft rapportera at steinen ikkje lenger var å finna, korkje inne i eller utanfor kyrkja. Ifølgje Miltzow si skisse skal innskrifta ha vore:

...tn:artiþ:inkibiarkar:er:primr:
nottom:firi:mariu:messo:i:fostu:

På norrønt vert det: Ártiđ Ingibjargar er þrimr nóttum fyrir Maria messu í fǫstu.

Og på moderne norsk: «Ingebjørgs sjelemessedag er tre netter før Mariamesse i fasta».

Runene vert datert til mellomalderen.

Kjelder endre

Litteratur endre