Oddatjørndammen er ein steinfyllingsdam med tetningskjerne av morenemasse som (saman med 14 andre dammar) demmer opp den regulerte innsjøen Blåsjø. Han er konstruert som ein konvensjonell steinfyllingsdam, med grovare materiale di lenger ut frå kjernen ein kjem. Utfor den tettpakka morenekjernen er det gruslag i ulike grovleikar, og så stein. Ytst er han plastra med store steinar som er lagde på stein for stein. Dammen blei bygd som ein del av Ulla-Førre-utbygginga for å demma opp Ulladalsåna, og er med sine 142 meter den høgaste fyllingsdammen i Noreg[1]. Damkrona er 446 meter lang, største tversnitt i botn er ca 400 meter, og fyllingsvolumet er på 5,75 millionar m³[2].

Oddatjørndammen

Nedanfor dammen låg brakkeleiren Øvre Moen, som husa opp mot 400 arbeidarar. Vasstunnelen til Saurdal kraftverk forlet Blåsjø ved Oddatjørndammen[3].

Kjelder endre

  1. snl.no: dam - demning
  2. Statkraft Vestlands-verkene: Ulla-Førre (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 27. februar 2014, henta 12. august 2012 
  3. Statkraft: Kart over reguleringsområde (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 1. mars 2014, henta 12. august 2012