66°2′52.307″N 12°4′1.5888″E / 66.04786306°N 12.067108000°E / 66.04786306; 12.067108000 Oddfjorden er ein fjord i Herøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 11 km frå området vest for Øksningan ved Sør-Herøya og nordover mellom Gåsvær i vest og Måsvær i aust.

Fjorden startar i sør ved holmane vest for Øksningan og går først mellom holmane Steinan i vest og Vardøya i aust. Vest for Oddfjorden, mellom Steinan og Gåsvær ligg Gåsværfjorden. Aust for Gåsværfjorden går Sildøyfjorden vidare austover.