Ode
Ode, frå gresk ᾠδή (ōidḗ), 'song', er eit høgstemt lyrisk dikt som tar opp filosofiske eller moralske emne eller hyllar framståande personar eller ein guddom. Ein ode kan gjerne vere eit rimfritt dikt.
I antikken var omgrepet bruka om songar og songbare dikt generelt, frå seinantikken vart det utvikla ei meir spesifikk tyding. I renessansen vart ordet bruka som musikalsk genrenemning for komposisjonar skrivne i samsvar med ode-ideala frå antikken.
Kjelder
endre- Ode i Norsk Allkunnebok, Fonna Forlag 1959
- Ode i Cappelens musikkleksikon 1980 ISBN 82-02-03690-9