Odelsbonde er ein norsk bonde som eig slektsjord med odelsrett.

Sjølv om ein har hatt ordninga i mange andre land, er odelsinstitusjonen særmerkt for Noreg, der han går langt attende i tid. Di lengre attende i tid, jo snevrare og meir eksklusiv vert ordninga. Den gammalnorske nemninga på ein odelsbonde var hauld, og dei var det etter landskapslovene ikkje mange av.

I det første hundreåret etter 1814 vart det fart i salet av leilendingsbruk frå dei store jordegodsa. Leiglendingane vart sjølveigarar, og dette la grunnlaget for odelsbonden i meir moderne tyding.