Ohakune
Ohakune er ein småby på Nordøya på New Zealand, 215 km nord for Wellington og 292 km sør for Auckland. Staden ligg ved sørenden av Tongariro nasjonalpark, nær sørvestsida av den aktive vulkanen Ruapehu. Ohakune ligg i regionen Manawatū-Whanganui, 70 km nordaust for Whanganui og 25 km vest for Waiouru.
Ohakune | |||
busetnad | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Manawatū-Whanganui | ||
Distrikt | Ruapehu District | ||
Del av | North Island Volcanic Plateau | ||
Folketal | 1 150 (30. juni 2018) | ||
Ohakune 39°25′07″S 175°23′58″E / 39.418611111111°S 175.39944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Ohakune |
Namnet Ohakune kan omsetjast frå maori som 'stad å passa seg'.[3]
Okahune er eit landbrukssenter, og er blitt kalla New Zealand sin gulrothovudstad.[4] Staden er eit populært utgangspunkt for skiløparar som vil vitja skisentera på Ruapehu, særleg Turoa, og for turgåarar som vil følgja Tongariro Alpine Crossing.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
- ↑ «1000 Māori place names». New Zealand Ministry for Culture and Heritage. 6. august 2019. Arkivert frå originalen 6. januar 2020. Henta 1. februar 2021.
- ↑ «Ohakune Info». Arkivert frå originalen 24 March 2015. Henta 15 May 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Ohakune» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2021.