OK

(Omdirigert frå Ok)
Sjå òg delstaten Oklahoma i USA.

OK eller ok er eit ord som uttrykkjer semje, godkjenning eller aksept, at noko er i orden. Opphavleg var dette eit amerikansk-engelsk slanguttrykk, kanskje ei forkorting for oll eller orl korrect, ein skjemtande stavemåte av all correct.[1][2]

Gest som symboliserer «OK»

Ordet vart teke opp i populær bruk frå midten av 1800-talet, og seinare på ei rekkje språk over heile verda.[3]

Referansar

endre
  1. «OK». Nynorskordboka. Henta 4. desember 2018. 
  2. «OK». Det Norske Akademis ordbok. Henta 4. desember 2018. 
  3. «OK». Store norske leksikon. Henta 4. desember 2018.