Oktettregelen
Oktettregelen eller åtteregelen er ein enkel kjemisk teori som viser at atom tenderar å gruppere seg slik at dei får åtte elektron i det ytterste elektronskalet (valensskalet).
Dette medfører at atoma ofte skaffar seg åtte elektron i ytste skallet ved å danne bindingar med andre atom. Atom som allereie har eit fullstendig sett elektron i valensskalet, det vil seie edelgassar, pleier ikkje å danna bindingar med andre atom.