Opna hovudmenyen

Olaf Thon (fødd 1. mai 1966) er ein tidlegare tysk fotballspelar frå Gelsenkirchen. Han spelte 52 landskampar for Tyskland og skåra tre gonger. Han spelte for klubbane Schalke 04 og Bayern München. Med Schalke vann han UEFA-cupen i 1997 og tysk cup i 2001 og 2002. Med Bayern München vann han seriemeisterskapen i 1989, 1990 og 1994. Med Tyskland deltok han i VM i 1986, 1990 og 1998 og i EM i 1988.

Olaf Thon
Olaf Thon.jpeg
Personleg informasjon
Fødd 1. mai 1966 (53 år)
Fødestad Gelsenkirchen i Vest-Tyskland
Høgd 170 cm
Posisjon Forsvar, Midtbane
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1983–1988 Schalke 04 157 (56)
1988–1994 Bayern München 148 (30)
1994–2002 Schalke 04 166 (10)
Totalt 471 (96)
Landslag
1983–1984 Vest-Tyskland U-18 (4)
1984–1985 Vest-Tyskland U-21 (2)
1984–1998 Tyskland 52 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

MerittarEndra

  • Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
  • Tysk seriemeister: 1989, 1990 og 1994 med Bayern München
  • Tysk cupmeister: 2001 og 2002 med Schalke 04
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1997 med Schalke 04