Olav Tretelgja
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Olav Tretelgja var ein konge or Ynglingeætta, son av Ingjald Illråde. Han er den første som etter segna fekk odel i Noreg[treng kjelde].
Olav Tretelgja | |||
| |||
Fødd | Sverige | ||
---|---|---|---|
Død | 7. hundreåret Vänern | ||
Hus eller slekt | Ynglingeætta | ||
Mor | Gauthild Algautsdatter | ||
Far | Ingjald Illråde | ||
Barn | Halvdan Kvitbein, Ingjald Olofsson |
Olav laut rømme frå Svitjod eller Svealand etter at far hans fall, av di sveane ikkje ville ha meir med ynglingane å gjere. Han vart jaga til skogbygdene i Värmland, som han rydda, og slik fekk han og namnet sitt, av di han sjølv var med og hogg tømmer der. Olav ekta dottera til kong Halvdan Gulltann i Solør, Solveig, og dei fekk sønene Ingjald og Halvdan Kvitbein.
Olav vart innebrend av di sviane i Värmland trudde han gav dei dårlege år. Motsett dei førre ynglingekongane nekta han å blote. Seinare vart det røynd at uåra kom av stor folkevekst i landet, og kongen hadde ikkje skulda. Folk valde då Halvdan, sonen til Olav, til konge for seg.