Olberg stavkyrkje
tidlegare stavkyrkje i Krødsherad
60°10′15″N 9°38′13″E / 60.170877°N 9.636946°E Olberg stavkyrkje eller Krødsherad stavkyrkje stod sør for dagens Olberg kyrkje, det vil seie litt nærare Krøderen. Kyrkjestaden er på grunn frå garden Olberg (gnr. 188) søraust for Noresund. Garden ligg like nordvest for kyrkja.
Kyrkja er omtala i 1389,[1] utan at nøyaktig alder synest kjend. Både skipet og koret i stavkyrkja skal ha vore tilnærma kvadratisk. Skipet målte om lag 5,6 m x 5 m. Etter suksessive utvidingar framstod kyrkja som ei krosskyrkje. Ho vart riven etter at dagens kyrkje var innvigd i 1859. Den gamle kyrkjetomta skal ha vore synleg til uti 1880-åra.
Fotnotar
endreKjelder
endre- Norges kirker
- Jan Brendalsmmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Buskerud fylke (Riksantikvaren, 2015), s. 36.
- Lorentz Dietrichson (1892). «Olberg kirke i Krødsherred». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 501.
Bakgrunnsstoff
endre- Olberg stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren