Old var ein norsk teikneserie som gjekk i barnebladet Magne[1] frå nummer 8 i 1980 til nummer 10 i 1981. Serien blei teikna av forfattar og kunstnar Thore Hansen. Hansen fekk Kirke og kulturdepartementets tegneseriepris for serien i 1980.[2] Serien blei stilt ut på Henie-Onstad kunstsenter i 1981.

Teikneserien er ei science fiction-historie og handlar om ei framtid då dei få gjenverande menneska for lenge sidan har forlate jorda. Old er den eldste av dei som seilte gjennom universet. Nokre sa han hadde vore der ute i tusen år, mens andre meinte det måtte vere tusen gonger tusen år. Livet hans var ei evig reise – utan mål og slutt. På reisene sine møter han blant anna dei vise Shimoolene – skapninger som også går igjen i Hansen sine populære bøker i Skogland-serien.

Teikneserien er inspirert av science-fiction-boka The City av Clifford D. Simak frå 1952.

Kjelder endre

Referansar