Ole Erichsen

Norsk politikar

Ole Erichsen (28. oktober 186319. november 1949) var ein norsk konditor, fabrikkeigar og politikar for Høgre frå Trondheim.

Ole Erichsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. oktober 1863
Død

19. november 1949 (86 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Ole Erichsen på Commons

Liv og gjerning

endre

Erichsen tok eksamen ved kjemilinja ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1881. Han arbeidde deretter som konditor i faren sitt konditori i Trondheim, åra 1884-86 gjekk han i konditorlære og arbeidde på ein sjokoladefabrikk i Düsseldorf. I 1886 tok han over Erichsens konditori i Trondheim og E. Erichsens Dampchokolade- & Sukkervarefabrik etter faren Ernst Erichsen, og drev familiefirma fram til sonen Odd Erichsen tok styringa i 1920. Ole Erichsen var delaktig i oppstartinga av hermetikkfabrikken Trondhjem Preserving Co., Trondhjems Aktiebryggeri A/S og Nidar Chokoladefabrik A/S, og var styreformann i fleire industrielle foretak.

Erichsen var medlem av Trondheim bystyre frå 1897 til 1922, varaordførar 1911–1912. Elles var han styremedlem i Den Norske Fællesforening for Haandværk og Industri frå 1898, medlem av arbeidsutvalet i Norsk Arbeidsgiverforening, formann i Trondhjems Håndverks- og Industriforening i 12 år, medlem av Norges Husflidsråd 1910-25, formann i Norske Konditorers Landsforening frå 1917.

Dei to stortingsperiodane 1906-09 og 1913-15 representerte Erichsen valkrinsen «Bratøren og Ihlen» på Stortinget. I fyrste perioden, då han hadde sete i næringskomite nr 2, vart han vald på programmet til Samlingspartiet, i den andre perioden møtte han for partiet Høgre og var medlem av justiskomite nr 2 og av tollkomiteen.

Han var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden frå 1947 og riddar av Dannebrogordenen, og vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder

endre