Ole K. Tryggeseth

Ordførar i Hjørundfjord

Ole Karlsson Tryggeseth (13. juni 18649. februar 1961) var ein norsk gardbrukar på Rise i Hjørundfjord. Han var ordførar 1920-22 i dåverande Hjørundfjord kommune. Karl Andersson Tryggeset var far hans.

Tryggeseth dreiv frå unge år med kjøp av fisk for farbroren Anders A. Aarsæther. Sidan arbeidde han med tranbrenning, «i mange år formann for arbeidet på [Brødrene] Aarsæther sine trandamperi i Finnmark og Lofoten.»[treng kjelde] År 1900 kjøpte han eit av gardsbruka på Rise i Hjørundfjord, kalla Tryggesetgarden etter honom. Samstundes fekk han stillinga som postopnar, ein jobb han hadde til 1933. 1912-33 var han kasserar i Hjørundfjord Sparebank, 1920-22 også styreformann i banken. Valbolken 1920-22 var han ordførar i kommunen, 1918-28 overformyndar i Hjørundfjord. I 1937 selde han garden på Rise og busette seg i Ålesund.

Ole K. Tryggeseth var gift 1899 med Pernille Johansdotter Sæbø. Tre av dei fire borna deira nådde vaksen alder.

Kjelder

endre