Ole Olsen Qvam
Ole Olsen Qvam (1778–25. november 1832) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Vang i Oppland.
Ole Olsen Qvam | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1778 Vang |
Død |
25. november 1832 (54 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Qvam var son til ein gardbrukar på Leirhol i Vang. Faren døydde tidleg og mora gifta seg oppatt til garden Kvam i same bygda. Han hadde gode evner og fekk etter konfirmasjonen i to år undervisning av presten i Vang. Sidan var han kontorist hos lensmannen i Vang, og etter at denne døydde tok han over lensmannsstillinga. Han kjøpte garden Kvale, ein gard som han dreiv fram til eit mønsterbruk.
Qvam var 2. representant frå Kristians amt på Stortinget 1821, 1822 og 1824. På alle tingsamlingane var han medlem av Lagtinget. I 1821 var han medlem av fire komitear og i 1824 av komiteen om jordbruk og fedrift. Han var medlem av riksretten mot Herman Wedel Jarlsberg, men var utskoten i riksrettssaka mot Thomas Fasting.
Han døydde på garden sin i Vang i 1832.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak (1914). «Qvam, Ole Olsen». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 699.
- Biografisk informasjon om Ole Olsen Qvam NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv