Ole Svensson Iglerød
Ole Svennsson Iglerød (1. november 1784–1. november 1871) var ein soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Aremark i Østfold.
Ole Svensson Iglerød | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. november 1784 Aremark kommune |
Død |
1. november 1872 (88 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Ole Svensson Iglerød på Commons |
Iglerød var son av ein gardbrukar i Aremark. I ungdomen gjekk han på skule i Fredrikshald. 1808-14 var han musketer ved søndenfjeldske infanteriregiment. I 1814 var han med i kampane mot Sverige. Han vart såra i ei hand under felttoget, og fekk sidan årleg ein liten pensjon.
Etter han var dimittert i 1814 reiste Iglerød heim og overtok same året farsgarden i Aremark. Denne dreiv han til ein son tok over garden, sjølv kjøpte han seg ein annan gard i heimbygda.
Iglerød var med i riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som utsending frå søndenfjeldske infanteriregiment. Han var ein av fire eidsvollsmenn som i 1864 deltok i femtiårsfesten for grunnlova. Iglerød arbeidde gjennom åra iherdig for å få i gang nye veganlegg.
Han døydde i Aremark i 1871.
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 853-854
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Ole Svensson Iglerød NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv