Olga A. Zajtseva

Denne artikkelen handlar om skiskyttaren. For friidrettsutøvaren Olga Zajtseva, sjå Olga I. Zajtseva.

Olga Aleksejevna Zajtseva[a] (fødd 16. mai 1978 i Moskva) er ein russisk skiskyttar. Ho er olympisk meister på stafett frå OL i Torino i 2006.

Olga A. Zajtseva
Zaika.JPG
Fødd 16. mai 1978 (42 år)
Moskva
Yrke skiskyttar
Olga A. Zajtseva på Commons
Olga Zajtseva. 13 mars 2010, Kontiolahti.

Zajtseva voks opp i Moskva der ho tidleg begynte med langrenn. Ved ei tilfeldigheit fekk ho prøva skiskyting, og gjekk i 1994 fullstendig over til denne idretten. Etter gode resultat som junior og i europacupen fekk ho prøva seg i verdscupen for første gong i 2001/02-sesongen, og klarde å koma på laget til OL i Salt Lake City, der ho fekk gå ein distanse, 15 kilometer. 2002/03-sesongen begynte bra, då Zajtseva vann sitt første verdscuprenn i første sprinten for sesongen, i Östersund. Seinare har ho vist jamn framgang. I VM i 2005 i Hochfilzen vann ho sine første medaljar i store meisterskap med gull på stafetten, sølv på sprinten og bronse på jaktstart. I OL i Torino i 2006 var ho med på det russiske stafettlaget som vann gull.

Ho bur i Moskva, der ho jobbar i det føderale anti-narkotikabyrået, med kapteins grad. Ho er interessert i musikk, særskilt russisk rock og Rammstein.

Kortfatta merittlisteEndra

(per 28. februar 2006)

  • Verdscup samanlagt:
    • 4. plass (2004/05)
  • Verdsmeisterskap:
    • 1 gull, 2 sølv, 1 bronse (beste indivuduelle: sølv på sprinten, 2005)
  • Olympiske leikar:
    • 1 gull (beste individuelle: 9. plass, sprinten 2006)
  • Verdscuprenn:
    • 6 gull, 6 sølv, 5 bronse

MerknadarEndra

  1. Russisk skrift Ольга Алексеевна Зайцева

BakgrunnsstoffEndra