Oline Ragnhild Løvlid (fødd 10. oktober 1950) er ein norsk folkesongar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho har i fleire tiår vore engasjert i folkesongtradisjonen i Hornindal, innan innsamling og formidling. Mellom anna har ho gjort mykje innsamlingsarbeid for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. I 2006 kom plata Fortal, som Løvlid tok initiativ til. Her finn ein tradisjonell song frå Hornindal, sunge av 67 kvedarar frå kommunen.

Oline Løvlid
Fødd10. oktober 1950 (73 år)
Verka sommusikar

Oline Løvlid er mor til Unni Løvlid.

Diskografi endre

  • Fortal (Grappa/Heilo 2006)

Prisar og utmerkingar endre

  • Eldsjel for Sogn og Fjordane i kulturminneåret 2009
  • Postens kulturpris (2006)
  • Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane (1998)
  • Den kommunale kulturprisen (1997)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre