Olympique Marseille

Olympique de Marseille er ein fransk fotballklubb i Marseille. Klubben vart stifta i 1899, og har med nokre små unnatak spela i toppdivisjonen i fransk fotball. Marseille har vorte seriemeistrar ni gongar, og har ti gongar gått til topps i den nasjonale cupen, det siste er rekord i Frankrike. I 1993 vann klubben Meisterligaen, eit meisterstykke ingen annan fransk klubb har makta. Året etter triumfen i den europeiske fotballturneringa vart Marseille, grunna ein bestikking-skandale, dømt til å rykke ned ein divisjon og vart fråteken seriemeistertittelen.

Olympique de Marseille

Fullt namnOlympique de Marseille
Kallenamnl'OM, les Olympiens, les Phocéens
Kort namnOM 
Grunnlagd1899
HeimebaneStade Vélodrome
(kapasitet: 67 186)
StyreleiarFrankrike Jacques-Henri Eyraud
HovudtrenarPortugal André Villas-Boas
LigaLigue 1
2018/195. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

Olympique Marseille har sidan 1937 spela heimekampane på Stade Vélodrome, eit stadion med plass til vel 60 000 tilskodarar. Banen ligg i sørdelen av byen. Klubben har ein stor tilhengarskare, og er jamnast den klubben i Frankrike med høgste tilskodartal på heimekampane.

Kjelder endre