Omsetnadsavgift er ei avgift på omsetnaden av varer og tenester. Avgifta blir vanlegvis rekna ut som ein prosentsats av verdien på varen eller tenesta.

I Noreg vart ei alminneleg omsetnadsavgift innført 1935. Ho var på 1 % og lagt på alle ledd i omsetnaden av varer og eigedommar. Frå 1940 vart avgifta auka til 3 %, og seinare same året til 10 % i samband med omlegging til ei sisteleddsavgift. Avgifta vart i 1947 sett ned til 6,25 %, i 1951 sett opp til 10 %, og i 1964 sett opp til 12 %.

Omsetnadnsavgifta vart som eit ledd i den norske skatteomlegginga erstatta av ei meirverdiavgift i 1970.

Kjelder endre