Omskrive i matematikk

(Omdirigert frå Omskriven sirkel)

Ein polygon er omskrive om ei kurve om sidene er tangentar til kurven, medan polygonen er innskriven i kurva om hjørna ligg på kurven. Dersom ein polygon er innskrive i ein sirkel, vert sirkelen sagt å vere omskriven om polygonen. Til dømes ein polygon som er innskriven i ein sirkel, har hjørna på sirkelen, medan ein polygon er omskriven om ein sirkel når sidene til polygonen tangerer sirkelen. Ikkje alle polygonar kan innskrivast i ein sirkel.

Tilsvarande vert det sagt eit polyeder å vere omskriven om ei flate, til dømes ei kule, om sideflatene er tangentplan, medan polyedret er innskriven om hjørnenet til polyedret ligg på flata.

KjelderEndra