Once Brewed (også kjend som Twice Brewed eller Once Brewed/Twice Brewed) er ein busetnad i Northumberland i England. Han ligg langs vegen Military Road B6318. Om ein køyrer langs vegen frå aust vil ein sjå stadnamnet «Once Brewed» på vegskiltet for landsbyen, medan einkvan som kjem frå aust vil sjå namnet «Twice Brewed».

Once Brewed
busetnad
Land  England
Fylke Northumberland
Kart
Once Brewed
55°00′04″N 2°23′06″W / 55.001°N 2.385°W / 55.001; -2.385
Wikimedia Commons: Once Brewed

Once Brewed ligg like sør for Hadrianmuren, som går over ryggen av åskjeda Whin Sill nord for landsbyen. Den romerske festningne Vindolanda ligg eit par miles unna mot søraust. Det romerske festningsverket knytt til Hadrianmuren, Vallum, går like forbi Once Brewed, møter og blir kryssa av Military Road.

Namn endre

 
Twice Brewed Inn
 
Den nye vandrarheimen og besøkssenteret heiter The Sill.

Namna «Once Brewed» og «Twice Brewed» tyder høvesvis 'brygga ein gong' og 'brygga to gonger'. Ifølgje eit informasjonsskilt ved Once Brewed Youth Hostel stod fyrst eit vertshus som heitte Twice Brewed Inn på staden. Vandrarheimen ein bygde her fekk difor namnet «Once Brewed». Denne vandrarheimen blei stengd i 2015/6 og bygd opp att som «The Sill». The Sill Visitor Centre and café blei offisielt opna av prins Charles i 2018.[1]

Det finst fleire soger som forklarer namnet på vertshuste. Den mest romantiske soga seier at fotsoldatar på York-sida etter slaget ved Hexham i 1464 kravde at ølet deira måtte bryggjast opp att fordi det mangla den vanlege kampstyrken sin. Denne planen verka ettersom Lancaster-sida seinare flykta etter eit morgonraid frå troppane som hadde fått fornya styrke.[2] Ei meir prosaisk forklaring er at bønder på 1700-talet pleidde å brygga og servera svakt øl, og at «twice brewed» tydde at vertshuset serverte dobbeltbrygga eller sterkare øl.[3] Ein tredje teori er at Hadrianmulen går over brows, eller brews, av to åsar der det også er eit møtepunkt mellom to gamle bufevegar.[4]

Plassering endre

Busetnaden består av Twice Brewed Inn, ein kombinert YHA-vandrarheim og besøkssenter for Northumberland nasjonalpark («The Sill»), og nokre gardar. Ein av gardne ligg eit stykke unna, og blir kalla «West Twice Brewed» på kart frå Ordnance Survey.

Både Twice Brewed Inn og vandrarheimen er populære overnattingsstader for vandrarar langs Hadrian's Wall Path og Pennine Way.

Landsbyen Iverton, som opptrer på kart over Northumberland frå 1700-talet[5] og på to skifteprotokollar frå 1830-åra, ser ut til å ha vore på same stad som, eller svært nær, Twice Brewed.[6] R.G. Collingwood, som skreiv i 1921, identifiserte Iverton med Everton, ein gard i ruinar ei halv mile vest for Chesterholm, eller omtrent same distanse som mellom Chesterholm og Twice Brewed. Ein finn ikkje nokon garde med dette namnet på Ordnance Survey-kart frå 1920-åra eller tidlegare. Det er mogleg at namnet til Twice Brewed Inn gradvis blei knytt til bygningane rundt Everton etterkvart som denne hadde ein tilbakegang.

Dei lokale styresmaktene for staden er Northumberland County Council, der Once Brewed høyre til i Tynedale Division.[7] Før omstruktureringar i lokale styresmakter i England i 2009 høyrde han til Tynedale Council.

Kjelder endre

  1. «YHA The Sill at Hadrian's Wall | Northumberland Accommodation». Yha.org.uk (på engelsk). Arkivert frå originalen 6. august 2017. Henta 5. august 2017. 
  2. Twice Brewed Inn, Bardon Mill, The Daily Telegraph, 14 April 2011, retrieved 27 November 2013
  3. Mark Richards, (2008), The Spirit of Hadrian's Wall, page 82. Cicerone Press. ISBN 1852845589
  4. Twice Brewed Inn, Bardon Mill, The Daily Telegraph, 14 April 2011, retrieved 27 November 2013
  5. «Photographic image of map of Northumberland» (JPG). Upload.wikimedia.org. Henta 23 October 2021. 
  6. Collingwood, R. G. (November 1921). «Hadrian's Wall: A History of the Problem». The Journal of Roman Studies 11: 37–66. JSTOR 295886. doi:10.2307/295886. 
  7. «Northumberland County Council – Northumberland – UK». Northumberland.gov.uk.