Oneida County i Wisconsin
Oneida County er eit fylke nord i den USA-amerikanske delstaten Wisconsin. I fylket bur 36 000 menneske. Flatevidda er 3 200 km², der 10 % er dekt av vatn. Fylkesadministrasjonen held til i småbyen Rhinelander.
Oneida County | |||
Midtbyen i Rhinelander, med tinghuset i bakgrunnen
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 3 201 km² | ||
Folketal | 37 845 (1. april 2020)[1] | ||
Oneida County i Wisconsin 45°42′N 89°31′W / 45.7°N 89.52°W | |||
Wikimedia Commons: Oneida County, Wisconsin |
Fylket vart grunnlagt i 1887. Ved folketeljinga 2000 vart 44,4 % av ibuarane registrert som tyskætta, 8,8 % polskætta, 7,9 % irskætta, 5,2 % norskætta og like mange av engelsk ætt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oneida County, Wisconsin» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2021.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.