Operasjon Anklet, òg kalla det 2. lofotraidet, var ein militæroperasjon i Noreg under andre verdskrigen. Det vart planlagt, leidd og gjennomført i regi av den britiske militæreininga SOE. Operasjonen føregjekk i romjula 1941 parallelt med Operasjon Archery (Måløyraidet). 25 % av den 300 mann store styrken var frå Kompani Linge. Operasjon Anklet vart først og fremst sett i verk som avleiingsmanøvrar for den større Archery-operasjonen. Aksjonen retta seg mot mål i Reine og Moskenes i Lofoten.

Desse to raida var dei første, større, kombinerte angrepa SOE gjennomførte etter at Kompani Linge var formelt organisert. Då mannskapa trekte seg tilbake til Storbritannia, hadde dei følgje av 266 nordmenn som slutta seg frivillig til og flykta frå landet.

Nord-Hålogaland heimevernsdistrikt 16 har ein maritim innsatsstyrke oppkalla etter denne operasjonen. Innsatsstyrke Anklet er ein av fire innsatsstyrkar i Sjøheimevernet, og som dei andre innsatsstyrkane i landet, er desse dei første styrkane som vert mobilisert og sett inn i tilfelle krise/krig.

KjelderEndra