Operasjon Span var ein villeiingsoperasjon under andre verdskrigen i samband med invasjonen av Sør-Frankrike i 1944 (Operasjon Dragoon).

Etter at Operasjon Dragoon var sett i verk nærma landgangsfartøy og andre amfibiefartøyer seg Korsika og den italienske vestkysten med retning for aktuelle landingsstadar. Dei gjekk ikkje i land, det var berre ein skinnmanøver for å lura tyske troppar til å tru dei skulle gå i land. Dermed batt dei opp tyske styrkar som ikkje kunne sendast mot Sør-Frankrike, der allierte styrkar etter kvart faktisk gjekk i land.

Referansar

endre
  • Jeffrey J. Clarke and Robert Ross Smith: Riviera to the Rhine (1993)