Oppdal Idrettslag

Oppdal Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Oppdal i Sør-Trøndelag. Laget vart skipa ein sundag i februar 1900 og er aktivt med i fotball, handball, skeiser og ulike skiidrettar; alpine greiner, freeski, langrenn og skiskyting. Oppdal IL sine lag spelar i grøne fargar med svarte bukser.

Odd Sørli (til venstre) og Erik Håker i 1977

Oppdal IL har særleg utmerkt seg i alpine skigreiner. Fremst av skirennarane i Oppdal IL står Erik Håker, den fyrste nordmannen som vann eit renn i verdscupen i alpine greiner. Idrettslaget har arrangert noregsmeisterskapen eit titals gonger, fyrste gongen i 1948. Arvid Røhjell var i 1956 den fyrste Oppdal-utøvaren som vann NM-medalje, to år seinare fylgde Gerd Teveldal opp med to NM-medaljar og i 1962 Leiv Otto Fjøsne og Kirsten Aune. I 1963 vann Aune i utfor og Brita Stensheim i kombinasjonen dei fyrste gullmedaljevinnarane for Oppdal IL. I den siste halvdelen av 1960-åra sanka særleg Håkon Mjøen, men òg Bjarne Strand fleire NM-titlar i alpinløypene. Gjennom 1970-åra var Erik Håker den dominerande utøvaren i Noreg, også Odd Sørlie vann då fleire NM-gull, medan Egil Myrhaug sikra seg ein einsleg gullmedalje i slalåm i 1974. Roger Thun vart dobbelmeister i 1984. Etter 1985 har få Oppdal-alpinistar makta vinne medalje i den alpine noregsmeisterskapen. Åne Sæter var det fyrste store unnataket då han i 1999 gjekk til topps i kombinasjonen.

Etter 2010 har dei tre systrene Slind; Astrid, Kari og Silje markert seg i langrennsløypa, særleg i nasjonale renn.

Kjelder

endre