Oppkast eller brekningar (latin vomitus, gresk emesis) er ein kroppsleg prosess der mageinnhald kjem opp i og ut gjennom munnen. Oppkast skjer ofte som ein ufrivillig refleks og kan vera ein reaksjon mot uheldig mageinnhald eller eit symptom på ulike lidingar. Refleksen er styrt av eit nervesenter, brekningssenteret, i den forlenga margen i hjernen. Han kan dempast eller framskyndast med vilje.[1]

Oppkast på fortau
Illustrasjon frå ein 1300-talsversjon av helsehandboka Tacuinum Sanitatis viser ein mann som kastar opp.

Kjelder endre

  1. Aabakken, Lars (6. mai 2017). «Oppkast». Store medisinske leksikon.