Oppland Arbeiderblad

Oppland Arbeiderblad, forkorta OA, er ei dagsavis med hovudkontor i Gjøvik grunnlagt 1924, som kjem ut måndag til fredag. Avisa dekkjer Vestoppland og Valdres, og er den einaste dagsavisa i Gjøvik-regionen etter at konkurrenten Samhold/Velgeren vart lagt ned i 1998. Frå hausten 1998 vart OA tilgjengeleg som nettavis.

I 2004 mottok kulturredaksjonen i avisa, saman med Hamar Arbeiderblad, NBU-prisen for barnebokanmeldelsar.[1]

Prisvinnarar endre

Avisa er eigd av A-pressen ASA og sjefsredaktør er Jens Olai Jenssen.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 29 498
2001 29 479
2002 29 192
2003 28 890
2004 28 424
2005 27 921
2006 27 695
2007 27 173
2008 26 578
2009 25 494
2010 25 040
2014 22 524

Kjelder endre

Referansar endre

  1. NBU-prisen
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff endre