Orskurd er eit juridisk omgrep for domstolsavgjerder som i lovtekster på bokmål er kalla kjennelse, og vert nytta om ei slik type avgjerd som går ut på å avslutte førehavinga av ei straffesak eller ei sivil sak utan å take stilling til realiteten i saka. Det vil seie at saka skal avsluttast med ein orskurd dersom domstolen kjem til at saka må avvisast utan å kome til førehaving om realiteten, eller at den saka som er til førehaving skal hevast utan realitetsavgjerd. Også fleire andre avgjerder om bevisføring o.l. skal takast i orskurd. Ordet er ei direkte omsetjing av frå latin: "de scissio", som tyder å skjera ut av (or=ut av og skurd=skjæring, jf. skurtømmer). Det same ordbiletet ligg bak engelsk: "decision". Bruken av ordet har variert over tid, men blir i hovudsak brukt om avgjerder der ein tek ut eit delspørsmål av eit større sakskompleks til særskild avgjerd (t.d. skyldspørsmålet i ei straffesak, om nokon har vitneplikt etc.).

Det kan fylgje av lova at avgjerda skal ha form av ein orskurd i andre høve òg, som til dømes for avgjerder om at personar som er sikta for brotsverk skal sitje i varetektsfengsel for ei avgrensa tid medan etterforskinga går føre seg. For saker som ikkje har med etterforsking eller straff for brotsverk å gjere, sivile saker, er det fastsett i paragraf 19-1 i tvistelova frå 17. juni 2005 når ei avgjerd skal gjerast i form av ein orskurd.

Ein orskurd skal seiast i rettsmøte og grunngjevast, og kan vanlegvis ankast til høgare rettsinnstans av den parten som får avgjerda mot seg. Tidlegare vart ei klage til høgare rettsinstans over ein orskurd kalla kjæremål, men no skal nemninga anke nyttast.

Tvistelovas føresegner om avgjerdsformer

endre

§ 19-1. Dommer, kjennelser og beslutninger

(1) Ved dom treffes avgjørelse av

a) krav som er tvistegjenstand i søksmål, b) tvist som nevnt i § 16-1 annet ledd tredje punktum, eller c) anke over dom.

(2) Ved kjennelse treffes avgjørelser

a) som avviser en sak fordi vilkår for å ta den under behandling ikke er oppfylt, eller som fremmer saken etter særskilt behandling av en påstand om avvisning, b) som hever en sak som av andre grunner enn nevnt i bokstav a bortfaller uten realitetsavgjørelse, c) av anke over kjennelse eller beslutning, d) ved tvist om bevis, eller e) som etter loven skal treffes i denne form.

(3) Ved beslutning treffes avgjørelser om

a) saksbehandlingen som ikke etter loven krever kjennelse, eller b) å samtykke til eller nekte anke.

(4) At en avgjørelse er truffet i uriktig form, er uten betydning for dens rettsvirkninger eller for adgangen til overprøving. Ved anke følges reglene for den avgjørelsestype som retten skulle ha brukt.