Osborne Bay
Osborne Bay er ei bukt på nordaustkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg aust for East Cowes. Kystlinja hennar er 2 km lang og svingar svakt. Ho strekkjer seg frå Old Castle Point i vest til Barton Point i aust.
Havbotn er ei blanding av gjørme og sand. Stranda består hovudsakleg av grus.
Bukta er ein populær ankringsplass for småbåtar om sommaren og er verna frå den sørvestlege vinden, som ofte er rådande her. Bukta er utilgjengeleg frå land og er lettast å nå frå sjøen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Osborne Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2010.