Oslo-Pressen var ei fellesavis som kom ut i Oslo dei fem første dagane etter frigjeringa i mai 1945.

Etter oppfordring frå leiinga av Heimefronten vart det dei fyrste fredsdagane gjeve ut ei fellesavis i Oslo, der medarbeidarar frå både stansa aviser og ikkje-stansa aviser deltok. Heimefronten ville hindre at aviser som ikkje hadde vorte stansa under krigen skulle få dra nytte av å ha intakt produksjonsutstyr, noko avisene som hadde vorte stansa ikkje hadde.

Fyrste utgåve vart laga i all løyndom i lokala til Aftenposten natt til 8. mai. Avisa kom ut to gonger dagleg. Fyrste avis vart trykt i 453 100 eksemplar, med hovedoverskrift: «Vår kamp er kronet med seier». Kveldsutgåva 8. mai vart trykt i 324 200 eksemplar. Opplaget heldt seg like høgt i dagane som kom.

Oslo-Pressen vart utgjeven til og med 12. mai. Dei ordinære avisene kunne ha normal drift og kom som vanlege aviser frå 14. mai.

Det vart lagt særleg vekt på hovudstaden og tilhøva der, men òg mange andre stadar fekk sina fellesaviser frå 8. mai og nokre dagar utover, slok som Askim-Pressen, Fellesavisen (Lillehammer), Fellesavisen (Harstad), Fredrikstad-Pressen, Den frie Rørospresse, Fritt Norge (Drammen), Halden-Pressen, Hamar Frie Presse, Haugesunds-Pressen, Mosjøpressen, Romsdalspressen (Molde), Sarpsborg-pressen og Trondheims-Pressen.

Kjelder endre

Johan Ellefsen (2001). «Bildet som ikke skulde ha vørt tatt» (PDF). Stiftelsen norsk Okkupasjonshistorie.